• Facebook - Grey Circle

© 2018 by GUFF. 

Guff_logo_liten_trans_grå.png

naboen min

//rockesock

Etter ein lang prosess er «Naboen Min» endelg klar

med debutplata. Albumet «Rockesock» er GUFF sin fyrste utgivelse, og er no å finna på alle digitale platformer, samt som CD, singback og notehefte i nettbutikken

Naboen min er eit band samansett av forfattar og låtskrivar Vegard Markhus, og produsent og multiinstrumentalist Bjørnar Sangolt. Heilt sidan dei vaks opp som naboar, har dei samarbeida om ulike musikalske prosjekt. I femårsalderen begynte dei å arrangere eigne sirkusforestillingar i kjellarstova i Norheimsund. Dette utvikla seg seinare til bandet Sirkus Bjøver, som mellom anna står bak julesongen «Eselet sin julesong».  Dei seinare åra har fokuset vore på barnemusikk. 

Vil få born til å le

1. oktober slapp Naboen min si første barneplate, «Rockesock». - Plata er ei samling nyskrivne barnesongar, og har som mål å få ungar til å synge, danse, smile og le, fortel Markhus. Musikken på albumet spenner frå rock til viser, og ein kan óg finne inspirasjon frå både reggae og country.  I tekstane finn ein både humor og alvor. -Ein får høyre om dansande kroppsdelar, hoppande dyr og folk som treng trøyst. Og om ein vil lære seg nokre gloser på romvesensk, er ein komen riktig stad, humrar Markhus og viser til songen «Gyli Gyli Gong Gong».

FOTO: Øyvind Sundfør Stokke-Zahl

God respons

Markhus og Sangolt har med seg eit knippe erfarne musikarar som til dømes Geir Dahle og Thomas Gallatin, mellom anna med erfaring frå banda til Odd Nordstoga og Morten Abel. Prikken over i-en er likevel eit stjernelag av sprudlande ungar, som friskar opp songane med barnleg energi. 

Utanom Naboen min, har Bjørnar i ei årrekkje vore aktiv som gitarist og produsent. Han har mellom anna spelt med Trygve Skaug, og i bandet StMorritz. Vegard arbeider som lærar, illustratør og forfattar, og har gjeve ut fleire biletbøker for born. For «Timothy mister seg sjølv», som kom i 2010, fekk han Nynorsk Barnelitteraturpris. Med bøker og gitar, har han vore på talrike turnéar på barneskular rundt omkring i landet. 

Naboen min har hatt ei rekkje konsertar i grunnskulen, og slik fått bekrefta at ungar likar både å danse og synge til musikken.  - Det å oppleva at ungane responderer så positivt på musikken, gjer at det er ekstra stas å endeleg kunne presentere musikken for alle som ynskjer å høyre meir!, avsluttar Sangolt.
 

 

BOOKING:

Bjørnar Sangolt, Tlf: 9020012, E-post: bjornar@guff.com

Vegard Markhus: Tlf: 95944335, E-post: vegardmarkhus@gmail.com

PRESSEBILDER finn du HER

LENKER:

  • Facebook Social Icon
  • Tidal Social Ikon
  • Spotify Social Ikon
  • YouTube Social  Icon

Sirkus Bjøver i kjellarstova.                                                                                       FOTO: Privat